Sprakradets termwiki:Bruksvilkår
Om Termwiki
Språkrådets termwiki er ei offentleg teneste og såleis allment tilgjengeleg. Innhaldet byggjer på bidrag frå ulike miljø som ser nytten i å få samla aktuell norsk terminologi på éin nettstad som er gratis tilgjengeleg for og kan nyttast fritt av alle. Alle bidrag vil bli språkleg og ev. terminologisk kvalitetssikra av Språkrådets terminologiteneste før dei blir offentleg tilgjengelege. Termwikien skil seg difor litt frå mange andre wikinettstader ved at nye brukarar må få tildelt bruksrettar av Språkrådet før dei får tilgang til å redigere innhald i verktøyet.
Kven kan medverke?
Alle som ønskjer å registrere norsk terminologi som blir allment tilgjengeleg, kan få bruksrettar. Dersom du ønskjer slike bruksrettar, kan du få ein brukarkonto ved å trykkje "Logg inn" øvst i høgre hjørne eller her. Meir kontaktinformasjon finn du her.
Lisensar
Innhaldet i Språkrådets termwiki er lisensiert under Creative Commons. Vi nyttar lisenstypen by-nc-sa, som legg følgjande restriksjonar på innhaldet i wikien:
- Innhaldet kan brukast om att i ikkje-kommersiell samanheng.
- Innhaldet kan byggjast vidare på av tredjemann, men det må opplysast om at Språkrådets termwiki er kjelda.
- Ved gjenbruk må materialet ha den same lisenstypen.
Dersom du ønskjer meir informasjon om Creative Commons, finst det utfyllande opplysningar her: http://www.creativecommons.no/info/omcc.shtml